FORSIDE

STYRET

KONTAKT OSS

BLI MEDLEM

FRKHs hovedoppgaver
er å drive:

Frivillig redningstjeneste.

Forebyggende arbeide.

Fremme interesse for friluftsliv.

Untitled
    AKTIVITETSPLAN
    OM OSS
    KORPSHISTORIE
    TJENESTER
    LINKER
    BILDER
    MEDLEMSSIDE

Gild 60-årsfest i Fåvang Røde Kors



Ottar Pedersen greip barmhjertighetstanken for 60 år sidan, og Fåvang var i gang med samaritetens hær. Opp- og nedgang i lagsarbeidet har dei hatt, men kven minnest dei tapte slag på jubileets dag? I dag famner Fåvang Røde Kors hjelpekorps om lag 30 medlemmer, og dei har plass og meiningsfylte oppgåver til fleire.

Tekst & foto: Knut S. Kjorstad, Dølen



Bildet; Ottar Pedersen (t.v.) var med da hjelpekorpset i Fåvang vart starta i 1947,
og Ottar Hage vart med eit par år seinare.



Glede, mimring og rømmegraut og spekemat stod i fokus laurdagskvelden i Sør-Fåvang grendahus, da Fåvang Røde Kors hjelpekorps feira sine 60 år. 46 gjestar fekk høyre Ottar Pedersen fortelja om danninga av hjelpekorpset. Det var Ottar Pedersen, Olav Bergli, Ruth Døsrønningen, Kari Amundsen og Audny Andersson som satt i det fyrste styret.

Ottar fortalde i humoristiske ordelag om pensjonisten sin timeplan: Han står opp og henter avisa. Finn han ikkje si eiga dødsannonse der, drikk han kaffi.

Veteranen fortalde at Losnavatnet i Laugen var noko av grunnen til at laget vart stifta. Ingen plass i laugen er det funni att fleire drukna personar.

Helsingar frå nabokorpset i nord, Sør-Fron Røde Kors ved Rune Bjørkheim og Oppland Røde Kors, ved distriktsleiar Bjørn Erik Berntsberg, var noko av det som var på gratulasjonslista. Bjørkheim la vekt på det gode samarbeidet dei to hjelpekorpsa har, og Berntberg prata mellom anna om dagens hjelpekorps, rekrutteringsproblematikken og korleis ein kan få korpsa til å fungere også i framtida.

Anton Bakken, med 40 år i laget, var jubileumsarkitekt, og saman med festkomiteen hadde han snikra saman ein hyggelig gebursdagskveld. Sjølv presenterte Anton eit lysbildekåseri fra lagstida frå 1975 og fram til i dag. Kåre Bergum tok for seg tidsperioden 1947 og til midten på 1970-talet. Han viste gamle lagsprotokollar og regnskapsbøker på overhead projector, og der kom det fram mange kuriøse og interessante opplysningar.

Fem Fåvang-ungdommar synte fram utviklinga på uniform- og utstyrssida i løpet av desse 60 år. Eit amerikansk hjelpeskrin i 1947 var ein del av Marshall-hjelpa ein fekk stutt tid etter krigen, og dagens utstyr med GPS og anna teknologi viste at laget har vore gjennom ei gedigen utvikling.

Korpsets leiar i jubileumsåret, Jan Dalseghagen fortel at viktige arbeidsoppgåver framover er å få med fleire, gje opplysning om førstehjelp, arrangere øvingar og vere med på eventuelle ”skarpe” øvingar. For dei som ikkje er inne i terminologien, tyder skarpe øvingar at det er alvor. !



Froskemannsgruppa i Fåvang Røde Kors hjelpekorps – Sveinung Amrud (f.v.), Arne Stenumgård, Tormod Amrud og Erik Mytting.




Desse ungdommane viste utviklinga innan uniformer og utstyr i løpet av dei 60 siste åra. Fra venstre finn vi Aino Søreng, Maren Bjørge, Victor Stenumgård, Kristin Olsen og Ragnhild Hernæs.




Astrid Olstad (10 års medlemskap), Svein Amrud (25 år) og Anton Bakken (40 år) vart heidra for langt medlemskap i Fåvang Røde Kors hjelpekorps. - Vi har godt samhald og kameratskap i korpset, slår Anton Bakken fast.




Festkomiteen – Astrid Olstad (f.v.), Rita Rudrud, Christoffer Bakkom, Anton Bakken og Kåre Bergum.




Jan Dalseghagen er leiar i Fåvang Røde Kors hjelpekorps i jubileumsåret.


  Ringebu kommune 61283000

  Brann - Vakttelefon 1-1-0

  Politi - Vakttelefon 1-1-2

  Ambulanse - Vakttelefon 1-1-3

Værmelding for Fåvang

Untitled

© fotofrilans.com